- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Litt om skulen vår
Høyanger vidaregåande skule held til i eit moderne skulebygg sentralt i Høyanger. Frå skuleåret 2025-2026 har vi tilbod innan programområda elektro- og datateknologi, teknologi- og industrifag, kjemiprosess- og laboratoriefag, helse- og oppvekstfag, samt påbygg for lærlingar. For dei som er over 19 år tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Dette skuleåret har vi berre tilbod om vg3 på studiespesialiserande. Er du interessert i idrett? Vi har tilbod om toppidrett også for elevar på yrkesfag.
Karrieremesse 2026
Høyanger vgs. ønsker velkomen til karrieremesse onsdag 21. januar 2026 kl. 16:00-20:00 i Høyangerhallen. Open for alle interesserte. Her kan du møte din fremtidige arbeidsgjevar, opplæringskontor, fagskule/høgskule m.m.
Toppidrett
Vel du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. Skuleåret 2026-2027 tilbyr vi programfag toppidrett i både fotball og handball. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.Aktuelle saker
09.10.2025
Elevundersøkinga 2025
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking kor elevar får si si meining om læring og trivsel i skulen.


