- Elektro og datateknologi
- Helse- og oppvekstfag
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Studiespesialisering
- Teknologi- og industrifag
- Vaksenopplæring

Litt om skulen vår
Høyanger vgs vert frå 2026 ein avdeling under Førde vgs, men har eigne søkbare utdaniningstilbod på same måte som før. Dei fleste av tilboda er på yrkesfag, men vi har og tilbod om vg1 studiespesialiserande i samarbeid med Førde vgs. Vi har tilbod om toppidrett i fotball og handball også for elevar på yrkesfag. For dei som er ferdig med vg2 yrkesfag og har fått lærekontrakt tilbyr vi digital undervisning i Påbygg vg4 for lærlingar. Søknad går via Nettskulen i Vestland. Er du over 19 år? Da tilbyr vi modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY) i helsearbeidarfaget. Velkomen til Høyanger vgs
Utdanningstilbod ved Høyanger vidaregåande skule skuleåret 2026-2027
Skal du søke på eit utdanningstilbod ved den vidaregåande skulen i Høyanger til hausten? Da finn du skulen under Førde vgs, avd. Høyanger i "Vigo". Informasjon om tilboda ved skulen i Høyanger finn du øverst på denne sida, eller trykk på lenka under.
Toppidrett
Vel du Høyanger vidaregåande skule får du moglegheit til å satse på toppidrett! Dette gjeld både for elevar på yrkesfag og studiespesialisering. Skuleåret 2026-2027 tilbyr vi programfag toppidrett i både fotball og handball. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.Aktuelle saker
19.02.2026
INFORMASJON FRÅ SKYSS
Frå måndag 9. mars startar vi ein gradvis utrulling av den nye Skyss-appen. Den nye appen inneheld både reiseplanlegging og kjøp av billettar.


