Hopp til hovedinnhold

Påskefrukost

Påskeegg som heng på ei grein

Første påskefrukost etter pandemien blei arrangert i kantina i dag

Med påskepynt og lys var kantina klar til å ta i mot elevar og tilsette til årets påskefrukost. Magnar hadde laga deilig eggerøre og i tillegg kunne vi forsyne oss med både røykelaks og varm kakao.  Kjekt at skulen set av første skuletimen til dette formålet.  Det såg ut som alle kosa seg denne torsdags morgonen.

Miljøkoordinator Kristin delte ut premiar for ein tippekonkuranse og for påskequiz. Det vart og delt ut premie for beste påskekostyme.
Det var totalt 357 perler i glasset.  Dei som tippa nærmast var Tiril i 2STA som tippa 354 stk og Eirik i 2ELEA som tippa 360 stk. 
Vinnar av påskequizen med 10 av 10 rette vart Indiane i 3STA og Dorthea i 3PBA.  
Premie for beste komstyme gikk til Knut Olav i 1ELA.

Gratulerer og god påske!