Hopp til hovedinnhold

Strålande innsats i fylkesmeisterskapet for ungdomsbedrifter

Sju elevar står på ein scene under ei premieutdeling

FjordLED UB vant heile tre prisar!

Elevane på vg1 elekro- og datateknologi gjorde det veldig bra under fylkesmeisterskapen som var arrangert på Førde vgs. tysdag 11. mars.

Dei kom attende med heile tre utmerkingar.  Totalt fekk dei 2. plass for beste ungdomsbedrift, men fekk 1. plass i to andre kategorioar.
Dei hadde beste videopitch og dei vant marknads- og kommunikasjonsprisen.

Vi gratulerer så mykje til heile klassen og teamet rundt!

I år var det elevar frå Årdal vgs. som hadde beste ungdomsbedrift.  Vi helsar til årdølene, og synes det er veldig kjekt at dei små skulane gjer det så bra i desse konkurransane.