Søk toppidrett eller kjemiprosess- og laboratoriefag hos oss.
Nytt ved skulen vår er at vi neste skuleår kan tilby toppidrett til elevar på studiespesialiserande og på yrkesfag. Dette i samarbeid med IL Høyang.
For Vg2 elevar på yrkesfag kan vi tilby kjemiprosess- og laboratoriefag frå hausten 2024. Dette er ein etterspurt kompetanse innan industrinæringar, oppdrettsanlegg og andre bedrifter som driv prosessindustri. Delar av undervisinga vil bli lagt i eige teknologisenter i Leira næringspark, tidlegare Fundo.
Vi har laga ei flott brosjyre kor du kan lese meir om desse og om dei andre studietilboda til Høyanger vidaregåande skule (pdf)