Kvar skule er pliktig til å ha sin eigen beredskapsplan.
Skulen har eigne planar og er godt førebudd dersom det skulle oppstå ei uønska hending eller krise. Vi arrangerer minimum to brannøvingar kvart skuleår og har eit godt samarbeid med lokalt brannvern og politi.
I tillegg arrangerer skulen tryggleikskurs for elevane på vg2 yrkesfag og for alle nye vg1 elevar. Dette skjer i september i samband med tryggleiksveka til Høyanger kommune.
Elevane går gjennom følgjande:
- Førstehjelp
- Alarm og evakuering
- Brannteori
- Praktisk og teoretisk slukking
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål som angår helse, miljø og tryggleik tek du kontakt med Ståle.