Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Elvar står oppstilt foran opplæringsutstyr på helse

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Høyanger vgs. har eit opplæringstilbod for vaksne for skuleåret 2025-2026.  Dette er innan helse og opplæringa er modulstrukturert.  
Les meir om modulstrukturert opplæring (PDF).

 

Helsearbeidarfaget

Modulstrukturert fag- og yrkesopplæring (MFY)

Vegen fram til fagbrev for vaksne har vorten endra i fleire lærefag. Opplæring i modular er betre tilpassa livssituasjon, og Høyanger vgs tilbyr no ei slik opplæring innan helse.
Du søkjer sluttkompetanse innan helsearbeidarfaget.

Er du over 25 år kan du søke gratis vidaregåande opplæring for vaksne. Les meir om fagtilbodet for skuleåret 2025-2026 i lenka under. Frå 01.08.24 kan også dei som fyller 19 år få tilbod om dette, etter innføring av ny opplæringslov.

Fagtilbodet for VO 2025-2026

Les meir om vaksenopplæring på vilbli.no

Du må ha bankID eller MinID for å kunne søkje

På Vigo finn du meir informasjon om søkjarprosessen 

Søknadsfristen er 1. mars, men vi anbefalar alle å søkje i god tid før fristen.

På sida søknad og inntak finn du nyttinge søketips og anna viktig informasjon om vaksenopplæringa i Vestland fylkeskommune.