Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Ein person i kvit frak med stetoskop rundt halsen held rundt eit plasthjarte

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Dei har teieplikt og tenesta er gratis.

Kontortid til helsesjukepleiar 2023/2024.

Helsesjukepleiar Silje Marie Martinsen har ny kontortid på Høyanger vgs. Ho vert å treffe kvar onsdag mellom kl. 08:30 og 13:30.  

Nokre dagar kan det vere noko utfordrande å ha "opa-dør funksjon". Da kan du ta kontakt via SMS for å avtale time. 

Helsesjukepleiaren vår

På skulen vår er det Silje Marie Martinsen som er helsesjukepleiar.  Ho har kontor i gangen utanfor personalrommet og er tilstades på skulen ein dag i veka

Silje Marie

Helsesjukepleiar
Helsesjukepleiar Silje

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt.

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Helsestasjon for ungdom (HFU). 

  • HFU er eit tilbod til ungdom i alderen frå 13 til 20 år, og er eit suplement til skulehelsetenesta.
  • Helsestasjon for ungdom har ope kvar onsdag frå kl. 14:30 til 16:30.
  • Det er mogleg å snakke med helsesjukeplaiar, jordmor og lege. Du treng ikkje tinge time på førehand og tilbodet er gratis.


Dei har flytta i nytt lokale i Høyanger sentrum. Du finn dei no i 2. etg. i helsebygget. 
Telefon: 57711612

Les meir om tilbodet på heimesida til Høyanger kommune