Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

To elevar sit på ein buss og kikkar på ein mobiltelefon

Alle elevar som har rett på skuleskyss får tildelt eit skysskort

Skuleskysskort

Alle elevar med rett til gratis skuleskyss, vil få utlevert eit elektronisk skuleskysskort. Kortet er personleg med namn og kortnummer, og det er ikkje høve til å låne det ut til andre. Ta vare på kortet. Same kortet skal no brukast om att frå år til år så lenge du har rett på gratis skuleskyss.
Du kan først søkje om skuleskyss når du har fått tildelt skuleplass (eiga lenke).
Du kan og søkje skuleskyss via denne lenka

Nytt for skuleåret 23/24

No er det mogleg å velje - å få skoleskyssbilletten på mobilen!  

Skyss har stort fokus på å forenkle og forbetre sine tenester best mogleg, og sikre ei berekraftig og brukarvennleg løysing for skoleskyss i Vestland. Som eit ledd i dette lanserer vi no ei brukarvennleg og digital løysing for elevar i ungdoms- og vidaregåande skolar, med moglegheit for billett på mobil. Dette veit dei mange av dykk har venta på.
Frå og med skolestart i august 2023 kan elevar med rett til fri skoleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skoler i Vestland velje å få skoleskyssbilletten sin i Skyss Billett-appen. Løysinga er valfri og elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med kort.
Valet om skoleskyssbillett på mobil skal bidra til:

  • Ein enklare kvardag for elevane
  • Mindre administrasjon for skolane
  • Ei meir berekraftig og brukarvennleg løysing
Kva må du som elev gjere for å ta i bruk løysinga?

Elevar som berre treng buss kan søke om skoleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.
Skulen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod.

  1. Kryss av for at du ønsker å få billetten på mobil i søknaden om skoleskyss og oppgje telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt
  2. Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
  3. Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
  4. Når du har registrert at du ønsker skoleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under “mine billetter” i appen på alle skoledagar
  5. Reis som vanleg til og frå skolen, og vis fram skoleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.

Les meir om den nye ordninga i lenka: https://www.skyss.no/reise/skoleskyss/ny-side/

Du har rett på gratis skuleskyss dersom
  • avstanden mellom heim og skule er 6 km eller meir. Avstanden gjeld kortaste gangbare veg mellom heim og skule
  • du på grunn av funksjonshemming, skade eller sjukdom har behov for skyss, uavhengig av avstanden mellom heim og skule
  • det er nødvendig med båt eller ferje, utan omsyn til avstanden mellom heim og skule
  • du går på skule i eit anna fylke og elevplassen er kjøpt av Vestland fylkeskommune


Du kan bli pålagd å gå inntil 3 km frå heim til haldeplass.

Det ligg to turar i kortet kvar dag, inkludert overgang. Dersom turane er brukt opp, må du betale reisa sjølv.

Skuleskysskortet kan ikkje nyttast ved turar i skuletida, på fridagar eller i feriar. Kortet kan berre brukast på turar på strekninga mellom heim og skule.
Nytt dette skuleåret er at du og kan nytte skysskortet til i samband med utplassering.  

Bur du på hybel har du berre rett på skuleskyss dersom avstanden mellom hybel og skule er 6 km eller meir. Elevar under 19 år kan søkje om ungdomskort.

Ver merksam på at dersom du har rett på skyss, men ikkje har eit tilgjengeleg og akseptabelt reisetilbod, kan Skyss organiserer eit eit tilrettelagt skysstilbod til deg.
Les meir om dette i skuleskyssreglement for dei vidaregåande skuler i Vestland fylkeskommune og på skyss.no.

Litt info om skysstilbod til vaksne

  • Vaksne elevar som er tatt inn på vidaregåande skule gjennom ordinært inntak, har rett til
    skuleskyss på lik linje med andre elevar.
  • Vaksne som er tatt inn på vidaregåande skule med heimel i opplæringslova § 4A-3 (tilbod
    spesielt organisert for vaksne), har ikkje rett på skyss.
  • Elevar som tek kurstilbod på ein vidaregåande skule har ikkje krav på skyss eller godtgjering

Kommentar
Vaksne som er tatt inn i vidaregåande skole på særskilte vilkår, til dømes attføring eller går på særskilte linjer spesielt oppretta for vaksne, har ikkje rett på skyss. Desse fell utanfor skyssansvaret etter opplæringslova.

Vaksne elevar t.o.m. 29 år får 40% rabatt på periodebillettar for 7, 30 og 180 dagar. På enkeltbillett og 24-timarsbillett betalar studentar vaksenpris.
Les meir om periodebillettar.

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med kontoret på skulen dersom du ikkje har fått skysskort eller om du treng nytt

Reidun Taule

konsulent
Bilde av konsulent Reidun Taule