Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Tre elevar i kjeledress på verkstaden

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Verkstaden til Høyanger vgs. er blitt oppgradert med mykje nytt ustyr.  Vi har investert i robotar og eit moderne sandblåsarkabinett. Våren 2024 kjem det yttelegare nytt utstyr. Det er viktig for oss at du får opplæring på nye maskiner og utstyr for å bli godt rusta når du går ut i lære eller tar vidare utdanning. 

Vg1 Teknologi- og industrifag

Du lærer

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik


Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi


Du kan bli

  • aluminiumskonstruktør, sveisar eller platearbeidar
  • verktøymakar eller finmekanikar
  • faglaborant eller operatør i kjemisk prosessindustri
  • industrisyar, operatør i trikotasje eller vaskerioperatør
  • bilskadereparatør, bilmekanikar eller billakkerar
  • logistikkoperatør eller yrkessjåfør
  • anleggsmaskin-, landbruksmaskin- eller motormekanikar
  • bore- eller brønnoperatør
  • matros eller motormann

Sjå alle yrke og kompetansar på Vilbli.no

Arbeidsstader

  • teknisk og elektromekanisk industri
  • skipsindustrien eller bilindustrien
  • kjemisk prosessindustri eller tekoindustrien
  • bilbransjen eller oljebransjen
  • vare- eller transportbedrifter
Vg2 Industriteknologi

Innanfordett faget er det veldig mange fagutdanningar. Desse fører deg fram til ulike jobbar i industri- og servicebedrifter både landbasert og offshore. 
Du må like:

  • å lage og montere ting
  • reparere og setje i drift ting
  • overvake prosessar og liknande

På vg2 får du mellom anna delta i prosjekt og er utplassert i bedrift i fire veker i løpet av skuleåret. To veker på hausten og to veker etter jul. På våren hospiterer alle vg2 klassane på yrkesfag to veker på EUC Syd, ein flott skule sør i Danmark. 

Mange av våre elevar får lærlingskontraktar hos Hydro lokalt.

Les meir om teknologi- og industrifag på vilbli.no
Du søkjer studieplass på vigo.no

Vg2 Kjemiporsess- og laboratoriefag (ny)

Vi tilbyr frå skuleåret 2024-25 vg2 Kjemiprosess- og laboratoriefag. Dette er eit utdanningsprogram for deg som er glad i både teori, teknologi og praktisk arbeid.
Her vil du lære om vedlikehald og styring av prosessanlegg. Dette er etterspurt kompetanse innan industrinæringar, oppdrettsanlegg og andre bedrifter som driv prosessindustri.

Delar av undervisinga vil bli lagt i eige teknologisenter i Leira næringspark, tidlegare Fundo. Her vil du kunne bli kjent med nye og spennande bedrifter som er tilknytta bygget. Du skal også ut i fire veker praksis, to på hausten og to på våren. Skulen hjelper til med å finne riktig bedrift for deg!

Les meir om kjemiprosess- og laboratoriefag på Vilbli.no
Du søkjer studieplass på vigo.no