Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Målet vårt er å gje deg ei god oppleving av skulen samstundes som vi skal førebu deg til vidare studium. Høyanger vgs. er ein liten skule, og det betyr at vi kan følgje deg tett opp!
Som elev på studiespesialisering kan du få moglegheit å reise til land som vi samarbeider med i Erasmus+. Vi legg også opp til ein studietur til England eller Skottland på for dei som vel programfaget engelsk 1 på vg2. Alle elevar på vg3 reiser på ein felles studietur til utlandet. Våren 2022 går turen til Roma.