Hopp til hovedinnhold

Erasmus+ tur til Padova Italia

Fire elevar står oppstilt foran ein av inngangane til skulen

Det nærmar seg avreise til Italia for dei fire elevane i 2STA.

Måndag 11. mars reiser desse fire elevar og to lærarar til Padova som ligg i Nord-Italia.
Dette er ein del av Erasmus+ programmet som 1STA og 2STA er ein del av dette året. Samarbeidet med vidaregåande skular i Italia, Danmark, Tyskland og Spania følger skuleåret, og vi er straks i gong med nest siste samling.  Den første var i Høyanger i september i 2023, deretter var det Hillerød i Danmark før turen gjekk til Alzey i Tyskland. Denne gongen er det skulen i Padova som er vertskap, medan vi avsluttar årets "runde" i Bilbao, Baskerland/Spania. 

Det gjennomgåande temaet er "We are the people we have been waiting for", og under opphaldet i Italia vil det vere spesielt fokus på "Jobs of the future", kor vi skal jobbe med desse spørsmåla; Kva er morgondagens yrker? Kva for kompetanse og ferdigheiter krevst? Korleis ser arbeidsmarknaden i Europa ut i framtida?

Saman med elevar frå alle dei andre deltakande skulane skal Stina, Vilja; Emma og Simon og arbeide i grupper, delta på ulike opplegg og bli kjend med ungdommar frå ulike hjørne i Europa. Fram til  fredag 15. mars vert det lange dager med mange inntrykk og mykje aktivitet. Dei vil og erfare korleis livet er på ein italiensk vidaregåande skule og ikkje minst korleis kvardagen er hos ein italiensk familie, ettersom dei innlosjerast privat med sin eigen vertselev.