Vg1 Elektro- og datateknologi si ungdomsbedrift er kåra til fylkes beste!
Ungdomsbedrifta Høyang Lampa deltok i fire konkurransar og reiste frå Førde med heile tre 1. plassar og ein andreplass. Dei vant desse kategoriane:
- Beste yrkesfaglege bedrift
- Beste videopitch
- Beste ungdomsbedrift
Andre plassen fekk dei i kategorien beste salsbedrift.
Dette gjev bedrifta "gullbillett" til Noregsmeisterskapen i Ungt Entrprenørskap som vert arrangert i Lillestrøm i byrjinga av mai.
I tillegg til dette vant Ståle Walsvik kategorien beste entrprenørskapslærar.
I dag skal vi hylle vinnarane i kantina. Rektor har baka kake og skulen spanderar panini og brus.
Gratulerer så mykje til alle saman!
Sjå Høyanger vgs i facebookside.